
Rovdefjordbrua som verdast første flytande rørbru
Status framdrift
i arbeidet med realisering av sambandet Rovdefjordbrua
- Flora, Bremanger, Vågsøy, Selje, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid kommunar samt MAFOSS og Nordfjord Vekst har kome med formelle støtteerklæringar for ønska realisering av Rovdefjordbrua: «som eit viktig bindeledd mellom ytre Nordfjord og søre Sunnmøre. Rovdefjordbru-sambandet er viktig for å skape gunstigare rammevilkår for maritim- og marint næringsliv, transport og for ein meir rasjonell bu- og arbeidsmarknad langs kysten.»
- Hofseth AS har utarbeida eit notat for bruken av fergesambandet Årvik-Kopparnes og forventa auke. Dette synleggjer kva verdiar som vert transportert dagleg og er eit viktig innspel til grunnlaget for den samfunnsøkonomiske analysen.
- Støtteerklæringane vert viktige underlagsdokument for å synleggjere nytten og behovet for prioritering i forhold til fylkeskommunen/sentrale myndigheter.
Vi ser klart at Rovdefjordbrua er eit viktig samferdselsprosjekt som vil styrke den interregionale infrastrukturen på kysten og bind saman store vekstregionar i nord, sør og øst. Eiksund/Kvivs-regionen i nord/øst, 45-minuttsregionen i sør. Her ligg det store samfunnsøkonomiske motorar innan offshore-, maritim-, marin- og bergsverksindustrien, samt primærnæringane.
Kystvegkonferansen 2011
Kystvegkonferansen i 2011 vart arrangert i Vanylven 26. august 2011.
Her finn du uttale frå kystvegkonferansen, som samla 130 næringslivsleiarar, stortings-, fylkes-, kommunepolitikarar og andre.